Med aukande prisar og renter opplever mange familiar trang økonomi, for mange er kvardagane vanskelege. Økonomi skal ikkje hindra borna våre i å oppleva meistring og inkludering.
Difor skal vi arbeida for å gje alle barn og unge på Sula:
- Eit fritidskort
- så barn og unge lettare kan delta i organisert idrett og kultur.
- Gratis busskort
- så barn og unge lettare kan koma seg til aktivitetar.
- Fleire tilsette i skulen
- så barn og unge blir sett og lettare kan lære.